«Einige og tru til Dovre fell» (bokmål Enige og tro inntil Dovre faller eller Enige og tro til Dovre faller) er den såkalla Eidsvolleiden frå 1814. Eiden blei avlagt som eit løfte etter at tingingane under Riksforsamlinga på Eidsvoll vart avslutta 20. mai 1814. Ifølgje Nicolai Wergeland tok representantane etter forslag av Jens Schow Fabricius (1758-1841) kvarandre då i hendene, danna ei brorskapskjede og ropte «Enige og troe, indtil Dovre falder!».
Dovre har elles lenge hatt ein viktig posisjon i Noregs nasjonale medvit, der Dovrefjell representerer det evige, uforanderlege, trygge og grunnfesta. I norsk eventyrtradisjon representerer Dovre det eldgamle og trolske. I eventyret «En aften i nabogården» frå Asbjørnsen og Moes eventyrsamling frå 1845 heiter det at «(...) på Dovrefjell har der naturligvis alle dager vært like så gode trollkjerringmøter som på Bloksberg.» Henrik Ibsen valde dessutan namnet Dovregubben på karikaturen sin av det sjølvgode og sneversynte norske i sitt dramatiske dikt Peer Gynt frå 1867.
Foto: Nasjonalbiblioteket
Foto: Nasjonalbiblioteket
Foto: Tilhører Oslo museum, frå DigitaltMuseum
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search